hero

Stad Heilårsbadelag

Medlemskap - Frivillig - Badstuvert

Stad Heilårsbadelag er ein frivillig organisasjon som driv med heilårsbading, naturmøteplassar og driftar badstue.

Du kan enkelt bli medlem ved å søke opp Stad Heilårsbadelag på
Vipps # 39103 - velg årsmedlemskap.

Som medlem i Stad heilårsbadelag får ein
-delta på medlemstreff / open dag (minimum 2 g i året)
- moglegheit å søkje om å vere frivillig badstuevert.
-delta på årsmøte og moglegheit å melde seg til styrearbeid, verv og anna frivillig innsats

Badstuvert - Bli frivillig
Send ein enkel “søknad” / epost til stad.heilarsbadelag@outlook.com
Skriv litt om kva du kan/ vil bidra med. Og kor mykje tid du ser for deg å bidra med.

Søknaden/ eposten blir behandla av styret i Stad heliårsbadelag. Og du vil bli kontakta.

Det er mykje forskjellig ein kan bidra med som frivillig.
Blant anna jobbe i badstua som frivillig badstuvert.

Oppgåver for ein badstuevert

  • Reinhald i badstua før og etter badstuetimar.
    Tilsyn med toaletta i sanitæranlegget.
  • Sjå til at alt fungerer som det skal i badstua, som omn, dør og elles det som trengst for at kundane skal få ei trygg og god oppleving.
  • Vere tilgjengeleg i tidsrommet ein har ansvar for og fysisk tilstades når det er behov for det.
  • Utføre andre oppgåver etter nærare avtale.
  • Om ein som badstuvert ynskjer å bruke eventuell kompetanse og interesse til å forme vårt bad / badstuprogram med til dømes temaøkter eller liknande so er det mogeleg og veldig ønskeleg. Kva og korleis blir avklart/ avtalt med styret.


Styret inngår individuell avtale med kvar badstuevert om ansvar, oppgåver og eventuell kompensasjon/ vinn vinn. (!Det vil ikkje bli utbetalt løn)

Badstuevertane/dei frivillige får nødvendig opplæring og tilgang for å kunne utføre arbeidet på ein god måte.

Avtalen kan seiast opp av begge partar.

(Om det skulle skje at ein har nok badstuvertar, vil ein kunne sette seg på venteliste / ev. få andre oppgåver om ein ynskjer det.)

Frivillig innsats:
Det er mange andre oppgåver og ting ein kan bidra med som frivillig.
Kan vere oppgåver innan nettside, marknadsføring, vaktmester, dugnad, koordinator på fellesbad og / eller naturmøteplassar, prosjekt, konsulent/hjelp til søknadsskriving , rekneskap, melde deg til verv m.m

Meir om dette, vår organisasjon og aktivitet på : Vår heimeside