
Badstua - Stad Heilårsbadelag
Steg for steg
Bestill plass på Drop-in (Varigheit: 1 time – maks 6 personar), eller book Reina for ei privat gruppe (Varigheit: 1,5 time – maks 8 personar. Med 8 vert det litt tett, men mogleg). Vel dagen og tidspunktet som passar deg i kalenderen under. Etter bestilling får du først ei stadfesting på e-post, og deretter ei påminning minst 24 timar før. Denne inneheld koden til døra.Du kan også kjøpe gåvekort, klippekort, eller bestille ein Reinadag. Sjå lenger ned på sida for meir informasjon.
Når badstuetida di startar, er omnen ferdig oppvarma. Lås deg inn med koden du har fått tilsendt. Fyll baljen og trebøtta med ferskvatn. Baljen kan ein sette utanfor til å skylle av beina før ein går inn. All bruk skjer på eiget ansvar. Ein ordnar seg sjølv so lenge ikkje anna er avtalt. Ta kontakt med oss ved behov.
Badstua vår har romsleg garderobe og breie dører, men eit trappetrinn for å komme seg inn. Vi ordar med rullestolskinner ved behov. Kontakt oss på førehand med dine behov so skal vi sørge for at det er klart når du kjem<3 HC - Toalett er rett ved badstua.
Ein må ta med handkle til å sitte på i badstua, badekle og vatn/drikkeflaske. Det kan og vere fint å ha med badekåpe, ekstra handkle, sandaler og kanskje ein badstuhatt? Ta med det du treng til skift og dusj om du har planar om det.
Badstua har ei romsleg garderobe og ein skilleveggen for meir privatliv. Toalett, utedusj og vasslange rett ved. (Du finn vannslangen ved trappa ned mot sanden. På baksida av det orangebygget) Ein kan dra bort vannslangen til badstua om ein vil. Varm dusj kan kjøpast i det kommunale sanitæranlegget. Badstua ligg ved Seljesanden og midt i Selje sentrum nært butikkar
Born og ungdom kan bruke badstua, men kun i følge med ein ansvarleg vaksen. OBS! Born skal alltid vere under tilsyn i badstua og ved bading. Les også anbefalingane i våre reglar for bruk.
Det er forbode å ta med eller drikke alkohol i badstua, og å bruke badstua i ruspåverka tilstand.
Vi har ein høgtaler i badstua som ein kan koble seg på om ein vil høyre musikk. OBS! Den skal stå i garderoba og må aldri takast inn i badstua eller ut! :)
Hugs å ta med deg alle tinga dine. Søppel kastast i bossdunken utanfor. Kost og tørk golvet om det er mykje sand og vatn. Tøm bøtta og baljen for vatn. Sett baljen inn att i garderoba. Har du leig handkle, kan du legge det på golvet. Slå av lysa inne. Pass på at dørene er skikkelig igjen. Velkommen tilbake
Vil du / di gruppe / bedrift / lag / organisasjon leige heile badstua for ein dag? Dette tilbodet passar fint som eit eige opplevelse-tilbod, men og som ein bonus/ tillegg til eit arrangement, medlemstreff, kurs eller konferanse m.m. Pris 4500,- Frivillige lag/org får 30% rabatt. Ta kontakt i god tid so finn vi ein dag som passar og lagar ei avtale. Reglane for bruk av badstua gjeld også ved dagsleie
Vi driftar badstua på frivilligheit <3 Er du interessert i badstue og ynskjer å bidra til dette helsefremjande og deilige tilbodet? Er du medlem i Stad heilårsbadelag kan du søkje om å bli badstuvert. Les meir under fana: Stad heilårsbadelag -Frivillig
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til oss, eller ynskjer å bestille badstua langt fram i tid? Ta kontakt på epost eller tlf. Følg gjerne Stad heilårsbadelag på sosiale media, og tag oss i dine innlegg og/eller fortell om oss til dei du møter på din veg 💌
man
tir
ons
tor
fre
lør
søn



