Velkomen 😊
For trygg og triveleg bruk ber vi deg lese og følgje reglane nedanfor.
Bruk av badstua føreset gyldig booking og betaling i samsvar med gjeldande kjøpsbetingelser.
Ved bruk av badstua stadfestar du at du har lese og godteke desse reglane.
1. Generelt
- All bruk av badstua og bading skjer på eige ansvar.
- Born under 18 år skal alltid vere i følgje med ansvarleg vaksen.
- Alkohol og andre rusmiddel er ikkje tillate.
- Røyking er ikkje tillate i badstua.
- Vis omsyn og respekt for andre gjester, badstua, naturen og fasilitetane.
Nulltoleranse for diskriminering, trakassering, mobbing, hets - Alt av dårleg åtferd - Alle ryddar opp etter seg – både i badstua og ved bruk av offentleg toalett og dusj.
2. Helse og tryggleik
- Personar med hjarte- og karsjukdom, gravide eller andre helseutfordringar bør rådføre seg med lege før bruk.
- Badstua skal ikkje nyttast dersom du er påverka av alkohol eller rusmiddel.
- Anbefalt opphaldstid er 10–15 minutt per økt.
- Ta pausar og kjøl deg ned mellom øktene.
- Forlat badstua straks dersom du kjenner ubehag, svimmelheit eller kvalme.
- Beveg deg roleg og kontrollert. Omnen er svært varm!!
- Born eller personar som er ustø skal ikkje sitte på øvste benk eller nær omnen.
- Ver merksam på varm damp når du heller vatn på steinane.
- Førstehjelpsskrin og brannsløkkingsapparat finn du i garderoba. Hjartestartar er plassert på HC WC.
3. Bruk av elektrisk omn
- Det er ikkje tillate å røre, dekke til eller legge gjenstandar på omnen.
- Berre ferskvatn skal nyttast på steinane, og i moderate mengder.
- Det er forbode å bruke eteriske oljer eller tilsetjingar direkte på omnen utan avtale.
- Feil eller unormal lukt/lyd skal meldast til kontaktperson.
4. Hygiene og fasilitetar
- Sitt alltid på eit reint handkle.
- Dusj/bad før bruk ved behov.
- Skyll av beina før du går inn att i badstua ved behov.
- Utedusj og vasslange finn du bak sanitæranlegget (kortsida mot kyrkja).
- Toalett/HC WC finn du i sanitæranlegget.
- Dusj med varmevatn i kommunalt sanitæranlegg – sjå stad.kommune.no.
5. Orden og eigedelar
- Ta med alle eigendelane dine og etterlat området ryddig.
- Glasflasker eller knuselege gjenstandar er ikkje tillate.
- Drikke som kan sette farge på treverket er ikkje tillate.
- Mat skal ikkje takast med inn i badstua.
- Badstua tek ikkje ansvar for personlege eigedelar.
- Det er ikkje lov å forandre, fjerne eller tilføre gjenstandar i badstua.
6. Brot på reglane
- Brot på reglane kan føre til bortvising utan refusjon.
- Alvorlege eller gjentatte brot kan medføre utestenging.
Kontakt
- Ved spørsmål, melding om skade eller anna behov for kontakt:
- Telefon: 958 69 223 / 993 49 864 / 950 23 668 / 915 50 407 / 417 24 428
- E-post: stad.heilarsbadelag@outlook.com
- Ved akutt behov for hjelp: Ring 113
- Adresse: Nabben 6, 6740 Selje, Stad kommune